2. apr, 2022

Honnen

Eg har ein honn, Eg har sikkert sagt det før men for adle de som måtte sitta der hjemma og lura, så kan eg då sei det ein gang te, eg har ein honn.

Honnen har ikkje mange oppgaver her i livet, men 2 oppgaver e prioriterte og ska utføras av dyret. Hu ska ta meg med ut på tur og hu ska holda meg med selskap om kvellane når tv’en vise bare drit.

Det e ikkje møje eg forlange føle eg. Hu har vært passe flink så langt men har begynt å svikte meg litt.

Når eg fekk sparken i det forrige samboerskapet mitt så tenkte eg at den neste samboeren min skolle vær av det enklare slaget. Damer e kompliserte vesen i motsetning te kattar og honnar. Eg e ikkje så glad i kattar og når du e blitt forviste te ein leilighet i 2 etg så e ikkje katt lurt. Kattar e heller ikkje spesielt sosiale så eg valgte å kjøpa meg ein liten honn.

Og honnen eg kjøpte har som sagt vært flink så langt. Dreit og pisste inne når hu va valp i sånn passe lang periode. Tyggde kun sundt ting så va lett erstattelige og herja ikkje mer enn det som e heilt greit.

Lettlærde og flink te å ta meg med ut på tur har hu vært. Og hu har holdt meg med selskap både dag og kveld.

Men i det sista så drite hu i det der selskaps greiene. Buret hu har i gangen e natteplassen hennars. Men nå har hu begynt å ligga der om kveldane og komme inn og hilsa på meg maks 2 ganger i løpet av kvelden for så å rusla ut i buret sitt igjen.

I går kveld så gjekk eg ut i gangen for å snakka litt med nar. Vett ikkje heilt ka eg tenkte på men når du bor sånn aleina så har du ein tendens te å snakka med ting som egentlig ikke skjønne så møje av det du fortelle. Itte mange år i samboerskap så e eg blitt vande med å snakka av og te uten å bli forstått. Så det e egentlig ikkje någe så plage meg lenger.

‘Frøya, ein av de viktige jobbane dine e å holda meg med selskap’ sa eg te nar. Hu såg på meg, det ska hu ha, men blikket va liga tomt som når eg spør kollegaen min om ka me gjorde på jobb i forrige uka.

Når eg reiste meg opp så gjekk hu faktisk lenger inn i buret og la seg. Kanskje hu skjønte någe men ville visa meg at hu ikkje brydde seg?  Eller kanskje hu bare e ein honn så vil har fred fra maset mitt. Eg tenkte ‘dette minne meg om någe eg har opplevd mange ganger før’.

Eg klagde litt om det te eks kåna mi. ‘Eg har korona og e litt aleina her i isolasjonen min, te og med honnen vil ikkje holda meg med selskap’. ‘Oi ' sa hu ‘det hørres ikkje bra ut’.

Så hu sendte sønnen våres opp slik at han konne henta honnen. Så honnen slapp å bli plagde av meg i korona isolasjonen min.

Det va liksom ikkje heilt det eg meinte så va problemet.