15. nov, 2020

Ein annerledes golfhistorie

Eg e ikkje akkurat ein estetisk nytelse på golfbanen. Ein ting e nå synet av meg men det går på litt andre ting og. Ferdighetene mine e jo så som så. Folk tenke ikkje ‘det ser kjekt ut’ når eg forgjeves prøve å slå golfballen framigjønå.

Som regel e det best at eg går og surre aleina der ute. Og leite itte golfballane mine. De som eg av te har troffe og så har føge vekk.

Den hende jo av og te at eg får lov te å vær med andre og spela golf. Men det blir jo litt ekstra venting på de. Og sjøl om de ikkje seie så møje så kan eg se det i auene dis ‘kom igjen nå, slå den der ballen og prøv å slå beint denne gang’.

Men det e vanskeligt, køllene e grævla lange og ballane e små. Det e det vankeligaste eg har gjort i heila mitt liv.

Så eg går møje rondt aleina og slår på golfballar. Og leite itte de ittepå. Sånn e golflivet mitt.

I dag hadde eg bestemt meg for å ta ein ronde med golf med sønnen min. Han hadde advart meg kvelden før om at det konne gå i dass. ‘Har planer om å drikka med kompisar’ sa an. ‘Drikketid med kompisar e viktigt det og far, akkurat så kvalitetstid med fedre’ avslutta an. Eg måtte jo vær enige med an i det. Huske jo sjøl kossen det va når eg va på den alderen. Drikketid med kompisar slår kvalitetstid med far, kver gang.

I dass gjekk det, men eg reiste nå ut te golfbanen aligavel. Må jo øva møje og prøva å bli flinke. Slik at eg sleppe ‘venteauene’ te de andre så måtte vær så uheldige å måtte spela med meg.

Siden været hadde bestemt seg for å vær drit så va det bare å stilla seg opp i buå på ‘drivingrangen’ og slå ballar utøve markå. Det e enkelt liksom, stille deg opp på ei matta og slår ball itte ball. Se de fyga mange 100 meter utøve i loftå og forsvinna i horisonten.

Nå e det ikkje akkurat det så skjer med meg. At ballane forsvinne i horisonten meine eg. Mange av ballane kan eg plukka opp igjen, rett utenfor buå. Men nå e det sånn at desto mer du øve desto flinkare blir du. Eg blir aldri sur for det om ballen ikkje fyge mange 100 meter.

Været va som sagt grævla dårligt og akkurat når eg hadde stilt meg opp så kom der ei dama med 2 smårollingar inn i buå. ‘Me e ute på sykkeltur’ sa hu ‘men ongane vil ikkje sykla lenger så eg har ringt maen min som kan henta oss’.

To ongar, i ei golfbu, masse ballar og ein mann med haugavis av golfkøller. Ongane va ikkje te å stoppa. Han stysste på 6 år fekk fort taket på det og slo ballar ut så det sang itte med golføllene mine. Hu yngsta konne ikkje holda den langa golfkøllå rektig så eg viste nar ishockeygrepet.

Itte at hu hadde slått ut 10-12 baller så begynte eg jo å lura på om eg og skolla begynna å bruka ishockeygrep.

Kom jo andre golf-folk innom så og ville slå ut baller, der e vel plass te 10 stk i buå. Men ikkje med 2 smårollingar der inne. Så fyge rondt omkring. Med ett unntak så luska de heldigvis vekk.

Han far kom og henta gjengen. Eg blei ståande igjen og se på golftingå mine så lå strødd rondt omkring. Pakka bare samen og reiste hjem.

Rett og slett ein fin golfdag. Kanskje den beste.