24. okt, 2018

Matlaging

Eg like og lata som om eg kan laga mat. Madammen gjønåskue meg. Eg har jo egentligt ikkje peiling, men eg e flinke te og lata som om eg vett ka eg gjør på kjøkkenet.

Egentligt så kan eg bare laga ein rett. Den har ingen navn og eg har sugt ut oppskriften av eget bryst. Han hette sopihop, og e någe adle lige. Det e egentligt bare å ta ut alt du finne i kjøleskapet, steika det på pannå, sausa det ner med Al Forno eller Dolmio, slenga masse ost på toppen og la det steika videre i ovnen. Då har du fiksa ein rett så e gratinerte.

Eg like det ordet, gratinert. Du kan laga ka så helst, bare du har ost oppå og steike det i ovnen. Då kan du bruka ordet ‘gratinert’ foran resten av navnet. Så hørres det ut som ein ordentlige rett.

Adle menn like ting så e gratinert. Utgangspunktet e jo egentlig pizza.

Sopihop, eller ka så helst, e jo bare ein videreføring av pizza. Rektignok kutte du ut bunnen, men det e jo heilt greit. Bunnen e jo egentlig bare någe steikte deiggreier som ikkje har någe næringsverdi.

Poteter har eg og lært meg og koka. Så lenge eg sleppe å skrella de fysst, så e det ein oppgave eg glatt tar på meg. Sleng potetene oppi vann, ha oppi litt salt, kok i 20 minutt, stikk ein kniv inni og server. Eg vett at du ska konna kjenna om potetene e ferige når du stikke kniven inni, men for meg kjennes alt likt ut. Grunnen te at eg gjør det, e at det ser litt profft ut. Så eg gjør det, kver gang.

Madammen ete alt eg lage. Hu seie hu like det kjempegodt men av og te så røpe hu seg. ‘Det e så kjekt å sleppa og laga mat sjøl’ seie hu ‘og når eg får maten ferdigt laga og servert så kan eg spisa ka så helst’. Eg tror te og med hu konne spist gratinert blodpudding med grønnkål. Bare EG lage det (og ikkje har stangselleri oppi).

Me menn trenge ikkje møje skryt før me e heilt ovenpå når det gjelde matlaging. Hu lure meg alltid te å steika kjøttet. ‘Du får det så godt te’ seie hu ‘blir alltid perfekt når du gjør det’. Eg vett det e tull, men eg like jysla godt at hu seie det.

Alt så ska te e ei panne, litt krydder, någe kjøtt og litt smør. Så e det bare å steika kjøttet någen minutter på kver sia og la det kvila i 5 minutt. Ikkje akkurat kokkeri på høgt nivå. Hu gjør det jo akkurat likt meg. Men hu vett at eg e lettlurte, å bruke det hensynsløst mot meg.

56 år, så lenge har eg levd, og dette e altså alt eg kan om matlaging

Sukk.