15. apr, 2017

Trening

Eg bruke ein del tid på trening. Eg vett ikkje alltid heilt koffer, men eg har overbevist meg sjøl om at det e viktigt. Siden eg e ein fyr så går fort trøtt av ting, så må eg gjør mange rare greier som eg kalle for trening. Ellers så orke eg faktisk ikkje å holla på. Enten me vil eller ei, så føre trening te at me må gjør någe så e slitsom reint fysisk.

Mental trening vett eg absolutt ingenting om bortsett fra at det gjør deg ikkje i god form, og du blir heller ikkje tynnare eller sterkare av det. Mental trening e for meg bare någe rare greier, akkurat så synkronsvømming og sjakk.

Eg går på fitness senter. Der springe eg på tredemølla, ror og sykle. Alt itte ka eg har lyst te, og så løfte eg på vekter. Eg blir ikkje sterkare eller ser bedre ut, men eg ser på adle de så ser så grævla møje bedre ut, og tror sjøl at eg og kan bli sånn. Bare eg trene nok. Problemet e at eg e litt bedagligt anlagt, eg lige å slurpa vatn og ikkje ta så hardt i. Eg drive egentligt på med det så de kalle for ‘kukeront trening’. For det mesta så e eg bare i veien for de så virkeligt har lyst å trena.

Eg sykle med ein sykkel så eg brukte alt for møje pengar på. Hadde eg kjøpt ein sykkel så veide 270 gram mer så hadde eg sikkert bare betalt halvparten så møje pengar for an, lettare jo dyrare. Men an e jo stilige då. Der e folk så seie at eg må stilla opp i Nordsjørittet, eg e jo så flinke på sykkelen. Eg ser på snittfarten min og eg ser at eg ska sykla 9 mil hvis eg e med, eg tvile på at någen komme te å sitte i målområdet i Sandnes å venta på meg.

Eg trene hjemma. På ett av rommå våre så har me ein spinningsykkel, og selvfølgeligt någen vekter og ein benk. Som regel så skyr eg det rommet som pesten, men av og te så presse eg meg sjøl te å gå opp på det der rommet. Det fyssta eg gjør e å setta meg på sykkelen, eg vett ikkje ka spinning e, så eg trør bare roligt av gårde og eg trør i 30 minutt. Sitte å hørre på podcaster og kjenne at eg blir litt varm. Ittepå så sette eg meg ner på treningsbenken og prøve å finna ut om der e eg någe mer eg har lyst te å gjør.

Eg fortalte ein kamerat at eg trente, han svarte ‘ka då for?’ Det lure eg og litt på.